Johan Tufteland

Dikt og prosa i utval

Johan Tufteland

Lyrikaren frå Austevoll

Forfattaren Johan Tufteland (1913–1998) voks opp på eit nes ytst mot Nordsjøen, blant gamle tradisjonsmedvitne folk under harde livsvilkår, dagleg i fåre.

Havet det store og livet nær brenningane er Tuftelands primære motivkrins, men kvardagen er ikkje vonlaus; det blir slått ein stjernesådd himmel over kystfolks tilvere.

Forma er kort, stilen knapp og fri, påverka av Olav H. Hauge som han møtte og førde eit omfattande brevskifte med om dikting og diktarar. Også med Einar Økland hadde Tufteland gjennom ei årrekkje brevbyte om litterære emne. I boka teiknar Økland eit portrett av venen frå Austevoll.

Utvalet av dikt og tekstar er redigert av Idar Stegane og Reidar Storaas.

Forfatter

Idar Stegane og Reidar Storaas (red.)

ISBN

978-82-7128-677-4

225,-