Fjell Bygdebok – Bd. VI

Mellom havet og byen – Allmennhistoria 1700–1910

68055 Fjell Omslag.indd

Mellom havet og byen, det sjette bandet i serien Fjell bygdebok, handlar om samfunnsutviklinga i Fjell gjennom 200 år, frå 1700 til 1910. Dei rike ressursane i havet og den nære bymarknaden gav livsgrunnlag for eit folk som voks frå om lag 900 i 1700 til det firedoble i 1910. Vi følger fjellsokningane gjennom dramatiske krigsår og tider med epidemiar, men også i kvardagen på gardsbruka, på havet og i byen.

Trass i hyppig og nær kontakt med bergensarane, vart innbyggarane på øyane i vest vurderte lågt av byfolk og embetsmenn. På 1800-talet vart den stereotypiske havstrilen meisla ut av Welhaven og andre forfattarar. Store endringar skjedde i perioden. Helse- og butilhøva vart betre, skulevesenet innført og demokratiske organ voks fram. Fram mot 1900 auka endringstakten, med utskiftingar på gardane, modernisering av sjø­bruket, etablering av dampskipsruter og handelsstader og utvandring til Amerika.

Samfunnsutviklinga i Fjell var eit resultat av nasjonale og internasjonale straumdrag, men fekk også særeigne trekk. Gjennom ei rekke historier får lesaren kjennskap til korleis folk i Fjell levde og på kva måte dei møtte endringane som skjedde.

Forfatter

Halvor Skurtveit

ISBN

978-82-7128-939-3

490,-