Folkestyre?

Kritisk lys på 1814-demokratiet

Folkestyre?

Grunnlova i 1814 endra styreforma frå kongeleg einevelde til ei form for folkestyre. Denne boka dreier seg om kor langt det nye folkestyret eigentleg rakk.

Kor nytt var det med folkeleg deltaking i politikken? Var det mogleg for folk flest å delta i politikken før 1814, gjennom formelle eller uformelle kanalar? Kom 1814 til å endra den folkelege deltakinga?

Korleis føregjekk førebuingane til den grunnlovgjevande Riksforsamlinga på Eidsvoll? Var det folket som reiste seg i ein demokratisk vår-rus, eller var det embetsmenn som dirigerte etter diktat frå Kristian Fredrik? Vart den gamle propagandakanalen gjennom prestane utnytta?

Sjølve grunnlova, vart ho radikalt folkeleg eller sette ho skarpe grenser for folkestyre? Sikra ho eigentleg menneskerettar som retten til liv, prentefridom, forsamlingsfridom og religionsfridom? Breidda i den viktigaste borgarretten, røysteretten, har fått ei ny utrekning i denne boka. Kor brei vart eigentleg røysteretten i 1814? I kva mon vart ideala frå revolusjonstida oppfylte? Og korleis utvikla røysteretten seg i tiåra etter 1814?

Boka tek også for seg nokre sentrale einskildpersonar. Korleis framstår dei? Var Kristian Fredrik ein folkets tenar eller ein folkets førar? Forskusla han det norske sjølvstendet? Wilhelm Fredrik Koren Christie, var han ein revolusjonær demokratisk sjølvstendemann, eller ein konservativ som garanterte for kontinuitet? Hermann Wedel Jarlsberg, var han ein svikefull unionsmann eller redda han eigentleg heile grunnlovsverket ved å leggja grunnlaget for statsøkonomien?

Boka vert avslutta med nokre utanlandske perspektiv. Frå dansk side vert det understreka at eineveldet ikkje var noko despoti som brått vart avløyst av demokrati. På lenger sikt gjorde tapet av Noreg Fredrik 6. så upopulær i Danmark at danskane i 1849 forkasta eineveldet og innførte ei liknande grunnlov som den Noreg hadde innført i 1814. På dei britiske øyane fekk 1814 betyding for demokrativennlege rørsler både i England og Irland.

Forfatter

Redaksjon ved Anne Hilde Nagel og Ståle Dyrvik

ISBN

978-82-7128-707-8

399,-