Jens Tvedt og den frie kvinna

Kritisk studie

978-82-7128-954-6

Frie kvinner – fri forfattar?

I denne boka blir det påvist at Jens Tvedt (1857–1935) skreiv om frie kvinner i ufritt samfunn når andre skreiv om ufrie kvinner. Novellene og forteljingane av Jens Tvedt handlar om kvinner som krev å vera frie og held fast på å vera frie så langt dette går og ikkje går; med den prisen dette får.

Jens Tvedt var framståande forfattar, omtykt særleg av unge og kvinnelege lesarar og høgt verdsett av den litterære kritikken. Frie kvinner var sterkt emne og kvinneleg seksualitet absolutt tabu, så dette har aldri vore nemnt i det som vart skrive om bøkene og forfattaren, utan i ein jubileumsartikkel der forfattaren får påtale for dette.

I denne kritiske studien blir det påvist koss forfattaren seinare vart feilplassert, nedvurdert og miskjend i litteraturhistorier. At dette var gjort på sviktande grunnlag, blir grundig dokumentert.

Anders M. Andersen har tidlegare publisert studiar over Kiellands romankunst, Wergelands poesi og filosofi, Olav H. Hauges sonettmodernisme, Tor Obrestads lyrikk, Elias Blix og klassisk nynorsk lyrikk, klassisk og folkeleg komedie, romanteori og Uppdals romankunst.

Forfatter

Anders M. Andersen

ISBN

978-82-7128-954-6

199,-