Holsund

- idyll i gløymsla

Holsund

Holsund i Fusa, sør for Bergen var på mange måtar eit viktig trafikknutepunkt for bygdane langs Bjørnefjorden, Fusafjorden og Samnangerfjorden frå 1600-talet og fram mot slutten av 1800-talet.

Bygda ligg ytst og lengst sør på Bogahalvøy og og sentralt plassert mellom fjordane.

Der vart det etablert tingstove og gjestgjevari. Dermed hadde bygda og ein handelsstad. I 1837 då Noreg fekk innført formannskapslova, vart Holsund den kommunale vogga for Ous kommune, som omfatta det som i dag utgjer Os, Fusa og Samnanger. Dessutan kalla sorenskrivaren i Sunnhordland sammen til tingsete vår og haust. Mykje folk samla seg i Holsund under desse tingseta.

Alle hus med historisk klang er borte. Mykje av historia er gløymd. Denne boka tek for seg nokre av dei historiske høgdedraga gjennom dei siste firehundre åra, men etterlet seg sikkert fleire spørsmål enn svar. Alt er gjort i ein freistnad på å samla litt lokal historia mellom to permar.

Dag-Tore Anfinsen (f. 1946) vaks opp i Bergen og tok yrkes­utdanning som platearbeidar i skipsbyggjarfaget. Han var og nokre år i folkehøgskulen, men har arbeidd som journalist og redaktør storparten av livet. Mellom anna var han frilansmedarbeidar i BA og NRK. Han har vore journalist og redaktør i avisa Nordhordland. Frå 1988 arbeidde han i Statoil som informasjonsleiar, journalist og redaktør, særleg med vekt frå verksemda på norsk kontinentalsokkel.

Forfatter

Dag Tore Anfinsen

ISBN

978-82-7128-698-9

249,-