Kystfolk og fiskarliv

Frå Tyssøy til Tekslo

Kystfolk og fiskarliv

Kystfolk og fiskarliv er eit eit rikt illustrert kulturhistorisk verk med utgangspunkt i fiskarlivet og båtkulturen i eit tradisjonsrikt fiskeridistrikt. Denne boka er samstundes det første oppslagsverket om båtar i Sund. Om lag 600 fartøy i alle bygdelag frå Tælavåg til Tyssøy er her grundig presentert i bilete og tekst.

Til grunn for boka ligg informasjon frå fleire hundre menneske, samla inn over ein periode på tjue år. Framstillinga tek føre seg utviklinga heilt frå dei eldste tidene, men hovudfokus er dei store endringane i fiskerinæring og levemåte frå slutten av 1800-talet og fram til i dag. Her kan ein lesa om torskekrigen i Austefjorden midt på 1700-talet, eller korleis ein sundsokning var med på å redda silderessursane i 1972, om amerikanske vikingskip og kvalbakteriar, Napoleonsregisteret i 1806 eller pionerfiske på Island i 1957. Boka inneheld både små og store historier frå fiskeria, frå landnotfiske på 1800-talet og like fram til einmannsjarken «Eirik» av Skogsvåg og industritrålaren og snurparen «Krossfjord» i 2005. Det aller meste av stoffet i denne boka har aldri vore publisert tidlegare. Boka vedkjem alle som er opptekne av den rike og mangefasetterte kystkulturen, anten dei er busette i Sund eller har røtene sine andre stader langs kysten. Ansvarlege for boka er Simon Øvretveit, Robert Skjoldal, Norvald Glesnes, Hans Johnsen, Sverre Sangolt og Jon Severud.

Forfatter

Jon Severud

ISBN

978-82-7128-590-6

399,-